Glade farger på ein fredag!
Hærlig dagslys inn på kjøkkent mitt i dag.
God følelse å kunne ta bilete i godt lys igjen.
Eit tynt lag med snø kan ein skimte gjennom vinduet, men samtidig som me nyter kalde og fine vinterdager går tankene mine mot lysere tider. Det går heilt fint å kombinere vinterglede med vårlengsel :-)
Dagene blir bare lengre og lengre, heilt hærlig!
Til jul hang eg opp denne fine hasselgreina(ønsket var trollhassel, men det var ikkje så lett å få tak i, og denne var jo mykje meir økonomisk)over kjøkkenbordet til å henge fine julehjerter. Både mannen og svigerfar berre rista på hovudet då dei såg prosjektet mitt. Desse mannfolka skjønner seg ikkje på slikt. Men eg blei så glad i denne skal eg sei deg at eg har latt den henge igjen etter hjertene blei rydda vekk. Tenkte den kunne vera fin til alle årstider i grunn. Henge små lyslykter, påskeegg o.l.
-små gleder-
I morgon skal me på bytur, bl.a. Stoff&Stil. Har eit sterkt ønske om å finne eit fint stoff så eg kan trekke om slagbenken og stolene på kjøkkenet. Syns stjernestoffet er veldig fint, men har hatt det så lenge no, så hadde vore trivelig med litt fornying.
I gangen står denne finfine vinballongen eg fann i garasjen til pappa. Ei lerkegrein har lenge fått bu i denne, men følte for noko litt meir vårlig. Så kan tru eg smilte stort då eg kom over desse lekre kirsebærgreinene i dag.
Gangen treng absolutt nokre malingsstrøk, og dette "vakre" sikringskapet, huff! Har tenkt lenge å sy eit forheng eller finne noko fint å dekke det med. Men det må jo samtidig vera lett tilgjengelig. No har eg nesten blitt så vant til det at eg gløymer litt at det er der.. Men prøver trikse litt med å lage blikkfang som drar augene bort fra skapet.
Her er det meldt kaldt og strålende sol i helga! Gleder meg til å nyte dagene med min lille familie.
Nyt helga der du er!<3