torsdag 21. februar 2013

Gavemaraton

Når våren byrjar så vidt å vise sine småtegn står bursdagene i kø her i familien. Så nært som alle utanom tre stykker til saman frå både min og mannen sin familie har bursdag frå no i februar til me avslutter med min dag i april. Så kjem barnebursdager og vennebursdager i tillegg. Eg syns det er veldig koselig med alle desse bursdagene, både å stelle i stand sjølv og å gå på besøk.
 
Men det blir jo ein liten formue i gåver. Så i år har eg tenkt å vera litt føre var og planlegge godt! Mykje vil eg prøva å laga sjølv, det er både kjekt økonomisk og veldig koselig å få noko som er heimelaga, syns iallfall eg. 
 
Eit lite tips til den syglade:
Dette er altså laga på null komma niks.
Eit lite stykke stoff, trur det var ein halvmeter eg kjøpte av dette stoffet ein gong i tida.
 
 
Stoffet var bare ei lang remse. Det som trengtes var EIN saum på kortsidene, slik at du får ein "ring".
 
 
Og Voila! Du har eit tubeskjerf ingen har make til!
 
Ein kan sjølvsagt gjere meir utav det med blonder, pyntesaumer eller bånd. Men syns stoffet var så fint så ville ha det slik. Kantene er "råklipt" som det heiter, ville ikkje ha noko saum her slik at det vert litt frynsete i bruk. 
 
 
Dette har eg laga til ei klubbvenninne som eg diverre ikkje fekk feirt dagen ilag med, men skal heldigvis i klubb med ho i morgon. Og ho elskar skjerf!! Spent på om ho kjem til å like dette=)
 
Til slutt eit bilete av kveldskosen eg laga til meg og mannen mens han tok kveldsstellet. Kjekt å overraske sin kjære av og til=)
Sunt og godt med banan, appelsin, blåbær og cottage cheese med eit lite kaneldryss.
 
 
Ynskjer alle som er innom ein fortsatt fin torsdagskveld!

onsdag 20. februar 2013

Kveldsstemning

God onsdagskveld!!

Prøver å blogge fra Ipaden i kveld, bilete er og tatt med "padda".



Er endelig lykkelig eigar av eit par lysglass fra Tine K Home. Dei er bare såå vakre! 
-Gladkjensle-
 Kjøpte dei på Svingen møbler på Tysnes for eit gavekort me fekk til bryllaupet vårt i juni. Kan tru eg har klødd i fingrene lenge etter å få bruke det!! Sjekk forresten nettbutikken deira her, mykje fint! Dei fører bl.a. merker som Au Maison, Bloomingville, Designletters, Happylights, Mugtail og mange mange fleir! 

No skal eg nyte resten av kvelden med ein deilig kopp te, det nyeste Boligpluss og Idol i bakgrunnen mens eg venter på hentesettet som får seg ein ullvask i maskina. Og JA, eg er faktisk ferdig!! Bilete kjem! Så krysser eg fingrene for at eg blir kvitt denne dumme forkjølelsen innen lillebror finner ut han skal komme. Siste sort å vera pottetett når så og sei alt handler om nettopp pusten!

Ha ein nydelig onsdagskveld!

mandag 18. februar 2013

Ei husmor`s oppgåver..

..er så mangt!
 
Me var invitert i 5-års dag i går, men sidan mannen hadde vakt kunne me ikkje forlata øya og hadde dermed slått frå oss dette selskapet. Med min noko avslappa holdning til det meste trengte eg jo då sjølvsagt ikkje tenke på presang med det fyrste. Heilt til svigers ringer og tilbyr seg så varmt å hente veslejenta vår så ho får delta i selskapet. Snille som dei er kjem dei og hentar ho på døra, -om 45 min!!
Hjelp, me har ingen gåve! Som husmor skal ein jo vera berett på alt slikt, ikkje sant? Eg rotar febrilsk gjennom hobbyrommet mitt, men hårklemmer, kjoler og rosa bukser passa liksom ikkje heilt til ein gut på fem år. Så då, på ca 30min mekka eg saman denne reinsdyrbuksa i fleece. Med klampen i bånn på maskina vart den ferdig akkurat i tide til å bli sendt med budet ut døra.
 
Tilbake sitter ei fornøgd, utslitt husmor som har krøpet på golvet, spurta att og fram og sydd maskina nesten varm i veke 38 av svangerskapet. Vel, kva gjer ein ikkje for å vera den perfekte husmor? For ei husmor`s plikter er jo å alltid ha kontroll på alt til ei kvar tid. Rekner med alle husmødre der ute alltid har full kontroll, middag frå grunnen av kvar dag, bursdager som er planlagt fleir månader i forvegen, støvfritt hus og alltid er blid og fornøgd.
I`m I right??
 
Eller var det sånn det var..? ;-)
 
 (Bilete er tatt i hui og hast med mobil før buksa vart krølla inn i litt pakkepapir. Ser forresten også at den ligger bakfram, for ei skam for ei perfekt husmor)

Til slutt eit bilete av nokre fantastisk gode cupcakes eg og mannen lagde saman på morsdagen -ja du leste rett! Her i huset har me både godt husmoremne og husfaremne;-)
 
Det er vaniljecupcakes frå boka til "Manuela Love" og frostingoppskrift eg fekk ein gang på barselgruppa. Inneholder bl.a. kvit sjokolade og philadelfiaost. Mmmm..=)
 
-Nyt-
 


Ynskjer alle som er innom ei riktig god, ny veke!

torsdag 14. februar 2013

DIY

God torsdagskveld!
 
Eit lite kreativt innlegg frå meg i dag. Hadde eit par ullsokker som var blitt hull på under beina. Eg klippa av beina på dei og tredde resten over ein vase og ein over ei lyslykt.
 
 
 Vips så hadde eg ein heilt ny vase
og ei finfin lyslykt med strikkedrakt.
 
 
 
Til slutt må eg vise bodyen eg har sydd til mi vesle niese på snart tre månader. Den var skikkelig god passform på så denne vart eg nøgd med.
-Litt stolt-
Stoff frå Stoff&Stil og mønster frå "Heilt Spesiell".
Har til og med bestilt meg størrelselapper til å ha i nakken. Lett å gløyme kva str eg har sydd i. Dei er bestilt frå Lykkedragen.
Denne er i sydd i str 56, akkurat passe til veslesnuppa.
 
 
Ha ein fortsatt hærlig torsdagskveld!

lørdag 9. februar 2013

Tips til flekkete ullklær

Har du også problem med flekker på ullklærne til barna? Eg hadde nokre kvite ullbodyar som var blitt så stygge med gule flekker som eg ikkje fekk vekk. I butikken her om dagen kom eg over ulike fargeprodukt. Bl.a. ein til ull.
Genialt tenkte eg!
 
 
Då eg sette i gang å blande syns eg fargen var mistenksom lilla! Litt småirritert på at eg sikkert hadde fått feil farge gjennomførte eg det alikevel. Forberedt på å skrive klage til produsenten på blåfargen som vart lilla!
 
 
Men etter skylling og eit par runder i maskina vart fargen BLÅ!
-Lykke-
 

No er fleir bodyar klar til litlebror i hærlig "ocean blue" farge.
 
 
Litt skjoldete i fargen, men det gjer ikkje noko syns eg. Betre enn masse med gule flekker. Saumane tok ikkje til seg farge, men det syns eg i grunn bare vart ein stilig kontrast. No er det bare tre veker igjen til termin. Koselig å dulle med slike babyting som må gjerast klart. Men må og få sei at han er hjartans velkommen før tida om han føler for det. Hadde liksom ikkje gjort noko. He, he..
 
 
Her er fargen eg brukte, Dylon heiter den. Min er kjøpt på Coop Extra, men veit du får dei på bl.a. Stoff & Stil. Den er i mange fine farger og til ulike materialer. Kanskje eg kan farge nokre av klærne til storesøster etterkvart. Så slepper han kanskje unna litt rosa og lilla.
 
 
Dette vart jo nesten som eit reklameinnslag for produktet. Ikkje heilt det som var meininga, men eg vart så nøgd med "gjenbruk" av bodyane. Så måtte dele dette med dåke.
 
Ha ei fortsatt fin helg!!

torsdag 7. februar 2013

Kontraster

I Nib`s utfordring denne månaden handler det om kontraster. Det fins det mykje av i heimen her! I form av både interiør og livsstil.
 
 
Her er mitt bidrag:
-Svart møter kvitt i kombinasjon med fargar-
-Natur møter tekstiler-
-Nytt møter gammalt- 
 
 
Kontraster har me kvar dag her i heimen iallfall;
-Smil-Sur-
-Ryddig-Rot-
-Opplagt-Sliten-
-Sol-Regn-
 
Lista kan bli lang..
 
 
I går hadde veslejenta mi med seg fastelavensris frå barnehagen. Så koselig og syns det pyntar fint opp. Og ho sjølv er særs kry når det er noko ho har laga sjølv.
 
Ynskjer alle som er innom ein finfin torsdag!

tirsdag 5. februar 2013

Her er sofakroken vår

I dag var det så fine solstråler ute, så tenkte eg kunne vera rask å fange dei opp med linsa. Men då eg kom så langt var sola gått forbi vindauga mine. Sånn går det når ting tar tid! Vart litt rart lys no syns eg, ser nesten ikkje vindauga, men det kan vel bare skyldast mine noko amatørmessige fotoeigenskaper. 
 
-Sofakrok-
 
 
Eg føler det er så utrulig mykje eg har lyst å gjera i huset! Me kjøpte alle "store" møbler då me flytta inn for ca fem år sidan. Og då likte eg såå godt denne mørke brune fargen. Heiter den "wengefarge" mon tru? Gulvet var iallfall favoritten! Men no vil eg helst bytte ut ALT! Hehe.
 
 
Lommeboka seier seg ikkje heilt einig i denne smaksforandringen min, så før me får inn forandringar smått og sakte prøver eg å lysne opp med litt tekstiler og andre ting som gir meg ei god kjensle.
 
 
Det fyrste prosjektet som står på planen er å legge nytt gulv. Ååå som eg gleder meg!! Har lyst på einstavs hvitlakkert eik eller noko i den dur..
Gulvet me har no er heiltre furu. Veldig fint og varmt gulv, men utrulig mjukt. Så etter nokre år med innehund ser det rett og slett ikkje ut. Mister me f.eks. ein tlf i gulvet vert det hakk. Når sola skin inn til oss ser me jo sjølvsagt alle desse hakka og stripene, nesten som eg skjemmes litt. Nei kjenner eg er veldig klar for å skifte det ut no.
Me har snakka ein del om det, så trur nok det skjer ila våren.
-Draumehåper-
 
 
Sjølv om draumen er ein lysegrå sofa må eg få sei at mørk sofa er veldig praktisk når ein har små barn! Og denne e utrulig komfortabel. Så trass i den mørke fargen koser me oss med denne sofan. Og den vert nok ikkje bytta ut før me flytter i hus ein gong tenker eg..
 
 
Holder på å strikke hentesett til litlebror som kjem om ca fire veker! Vert eg ferdig i tide!?! Eg er ikkje akkurat den kjappaste på pinnane, og med mange andre prosjekt i gjærdet vert det ikkje allverdas tid til denne strikkinga. Men får sette inn høggiret og prøva å verta ferdig! Strikker i deilig, lyseblått alpakkagarn.
 
 
Ynskjer alle som er innom ein fin tirsdag!!
=)=)