Viser innlegg med etiketten barselgave. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten barselgave. Vis alle innlegg

onsdag 16. januar 2013

Barselgave

Eg nemte vel i eit tidligere innlegg at me skulle i barselbesøk. Det er jo alltid så koselig! Og spesielt koselig er det når ein har med ei gåve med omtanke.
 
 
 
Eg sette meg ned kvelden før (som vanlig) og fekk sydd ein body og ei søt hua. Har aldri prøvd dette mønsteret før og har kun prøvd meg på body ein gang tidligere. Så mottakeren fekk i oppdrag å prøve ut passform og stoffkvalitet. 
 
 
Skal prøve å få sydd opp litt sånt smått, er så greit å ha på lager når ein plutselig skal på besøk til nokre av desse søte små. Her har det komt mange i 2012 og nokre er  på veg i 2013.
-Koselig-
 
 
Om eg skal sy og selge på messe i førjulstider tenker eg at eg vil kunne garantere for kvalitet. At det er god passform og god hold i stoffet. Då er det jo greit å glede nære og kjære med gaver samtidig som dei hjelper meg med tilbakemelding på produktet.
Litt gratis reklame blir det og ;-)
 
 
I dag bestilte eg "råvarer" til å lage slike små søte prinsessehårklemmer med antiskli. Også eit tenkt messeprodukt. Sidan litlebror kjem i byrjinga på mars må eg byrje å planlegge evt messe allereie no. Kan vise meir av det ein anna dag.
 
 
Ynskjer alle som er innom ein fantastisk onsdagskveld!!