Viser innlegg med etiketten farger. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten farger. Vis alle innlegg

fredag 18. januar 2013

Eit snev av vår!

Glade farger på ein fredag!
 
Hærlig dagslys inn på kjøkkent mitt i dag.
God følelse å kunne ta bilete i godt lys igjen.
 
 
Eit tynt lag med snø kan ein skimte gjennom vinduet, men samtidig som me nyter kalde og fine vinterdager går tankene mine mot lysere tider. Det går heilt fint å kombinere vinterglede med vårlengsel :-)
Dagene blir bare lengre og lengre, heilt hærlig!
 
 
Til jul hang eg opp denne fine hasselgreina(ønsket var trollhassel, men det var ikkje så lett å få tak i, og denne var jo mykje meir økonomisk)over kjøkkenbordet til å henge fine julehjerter. Både mannen og svigerfar berre rista på hovudet då dei såg prosjektet mitt. Desse mannfolka skjønner seg ikkje på slikt. Men eg blei så glad i denne skal eg sei deg at eg har latt den henge igjen etter hjertene blei rydda vekk. Tenkte den kunne vera fin til alle årstider i grunn. Henge små lyslykter, påskeegg o.l.
-små gleder-
 
 
I morgon skal me på bytur, bl.a. Stoff&Stil. Har eit sterkt ønske om å finne eit fint stoff så eg kan trekke om slagbenken og stolene på kjøkkenet. Syns stjernestoffet er veldig fint, men har hatt det så lenge no, så hadde vore trivelig med litt fornying.
 
 
I gangen står denne finfine vinballongen eg fann i garasjen til pappa. Ei lerkegrein har lenge fått bu i denne, men følte for noko litt meir vårlig. Så kan tru eg smilte stort då eg kom over desse lekre kirsebærgreinene i dag.
 
 
Gangen treng absolutt nokre malingsstrøk, og dette "vakre" sikringskapet, huff! Har tenkt lenge å sy eit forheng eller finne noko fint å dekke det med. Men det må jo samtidig vera lett tilgjengelig. No har eg nesten blitt så vant til det at eg gløymer litt at det er der.. Men prøver trikse litt med å lage blikkfang som drar augene bort fra skapet.
 
 
Her er det meldt kaldt og strålende sol i helga! Gleder meg til å nyte dagene med min lille familie.
 
Nyt helga der du er!<3

torsdag 17. januar 2013

Årets farge 2013...

..er ingen fagrere enn LILLA!

 
"Verden blir mindre, mens Norge blir større."
 
 
"Nyanser av lilla har vært ekstremt populære i Norge de siste fem årene, og med god grunn. De nyansene vi har sett mest av, er spesielt vakre i det norske lyset, og sannsynligheten er stor for at 2013 blir året da lilla får «klassikerstempelet»."
 
 
Bilete og tekst er lånt fra Fargerike.no. Gå inn her og bla heilt ned på sida for å sjå det nye fargekartet!
 
 
 
 
(Bilete er google random)
 
Lilla er og har lenge vore ein av mine absolutt favorittfarger! Den kan varierast i så utrulig mange nyanser! Varme og kalde, lyse og mørke, fra indigo til lavendel.
 
Skal ikkje sjå bort ifrå at det kjem meir lilla inn i heimen her i løpet av 2013. Må innrømme at det passar meg mykje betre enn grønnfargen som var årets farge 2012. Sjølv om det går mykje i svart/kvitt, natur og industrielt for tida er eg glad me kan beholde fargene og, det gjer noko med ein, å omringe seg med fargar.
-glade fargetanker-
 
Ser eg har mange sidevisninger allereie, stor stas for ein nyoppstarta bloggar!
 Legg gjerne igjen eit spor, så kan eg besøka deg ;o)
 
Ynskjer alle dåke som er innom ein nydelig torsdagskveld!!<3