Viser innlegg med etiketten blomster. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten blomster. Vis alle innlegg

onsdag 19. juni 2013

Bileteras frå dåpsdagen

God onsdagskveld=)
 
I dag vil eg dele litt bilete frå den fantastisk fine dåpen me hadde i helga. Sidan me har større terrasse enn me har stove, fall det seg naturlig å ha det ute på terrassen. Og når ein bur på vestlandet er det alltid eit sjangsespel. Men du og du for eit hærlig vèr me fekk.
-Sol og varme-
 



Bordkort og servietter
 
 
Alle "rekvisitter" klare til å kome på bordet. Sølvtøyet er tatt i bruk for fyrste gong. Syns det var kjempekoselig å bruke det. Gode minner frå middager hos mine kjære besteforeldre på østlandet. Arva det frå mormor for nokre år sidan, men har ikkje komt på å bruke dei. Synd når noko så fint bare ligger i ei skuff og samler støv.
 
 
 
Blondegardiner som blafrer i vinden<3
 
 
Partyteltet fekk me låne av nokre gode vener. Det er stort, 4*6 meter trur eg. Så her var det god plass til alle våre fine gjester.
 
 
Som bordkort laga eg nokre søte barnevogner. Var vel det som var mest jobb med utanom dåpskaka, men den skal eg vise i neste innlegg.
 
 
 
Det norske flagget som vaier i vinden, majestetisk og flott. Drøymer om flaggstang når eg får meg hus.
 
 
 
Pynten vart heilt enkel, med hortensia som eg lurte inn litt brudeslør i, enkelt og skjønt. Sommerfuglservietter med slike gamle sjarmerande klesklyper som eg kjøpte på ein lokal natur-interiørbutikk.
 
 
 
 
 
Ynskjer alle som er innom ein fin onsdagskveld=)

søndag 9. juni 2013

1-års bryllaupsdag

Eller papirbryllaup som det og heiter fyrste året.
Det var ein fantastisk dag saman med familie og vener. Så mange gode minner me har frå den dagen og mykje skryt frå gjester. Ein reint vellykka dag kan me seia. Tenk at det allereie er eit heilt år sidan! Nesten ikkje til å tru. 
 
Tanken min var å lage biletcollager frå bryllaupet i dette blogginnlegget, men datan min har visst pådratt seg ein kraftig forkjølelse, for her var det ingenting som virka som det skulle.
Kanskje ein anna dag=)
 
Min nydelige brudebukett<3
 
Dagen vert feira med toppetasjen frå bryllaupskaka som me har lagra i frysen, spent på om den smakar like godt eit år etter.
 
Ynskjer alle ein nydelig søndag, bryllaupsdag eller ei.
Klem frå meg.

mandag 13. mai 2013

Blomstersøndag

God kveld!
 
I går fekk eg endelig planta litt ute. Har ikkje fått gjort nokonting utandørs i år. Har vore så utrulig mykje dårlig vèr(og med liten baby i hus vert det andre prioriteringar sjølvsagt). Håpar det snur snart. Godt å få litt blomar i potter og kar ute til 17.mai. Tidligare har eg som regel planta i balkongkassane 1.mai, men i år var det ikkje så lett med regnet og vinden som herja her på vestlandet ved inngangen til maimånaden.
 
 
 
Med god hjelp frå storesøster vart det ein koselig formiddagsaktivitet. Og godt var det at me kom oss ut tidlig, for utpå dagen skya det til og regnet kom nok ein gong over oss.
 
I heimen holder me på med eit stort oppussingsprosjekt. Gleder meg til å vise resultat og før/etter bilete.
 
 
Ynskjer alle som er innom ein god mandagskveld og ei fortsatt fin veke=)

fredag 19. april 2013

Bord dekk deg!

God fredag!
 
Då var fredagen endelig her! Det er alltid like godt syns eg. Sjølv om eg går heime om dagane er det liksom ekstra kos med helg, tanken på å ha mann og barn heime heile dagane. Bare kose oss som familie!
-Lykke-
 
I går hadde eg jentene mine på besøk for å feira meg sjølv, -neste torsdag vert eg nemleg heile 25 år!
 
 
Eg kosar meg skikkelig når eg får planlegge, pynte og stelle i stand. Skulle nesten hatt eit yrke innan dette sidan eg syns det er så kjekt. Men det hadde vel kanskje tatt ein del av gleden ved det. Så får holde det til ein hobby tenker eg, og kose meg når eg holder på.
 
 
Temaet var litt ubesluttsomt sidan eg hadde så mange idèar, men eg klarte no å holde meg til forholdsvis enkle ting; svart/kvitt iblanda naturmaterial og ein touch rosa.
 
 
Rosa ranunkler, hjerter og tresommerfugler frå MesterGrønn, skåler frå TineKhome med kubbelys i, Kähler vase(som eg har lagt min elsk på), pusekatter og trefjøler som eg har tjuvlånt av pappa.
 
 
 
 
 
Reagensrøyr med oppheng frå Søstrene Grene. Syns dei blei så søte i lysekrona.
 
 
Bordkort laga av dekorpapir, stoffhjerter og dymo. Alt er ting eg hadde liggande. Syns det er noko med det å kunne bruke det ein har til selskap og ikkje kjøpe ein heil masse nytt, sjølv om det kan vera veldig fristande til tider!
Her måtte gjestene altså klare å finne ut kven som var kven før dei fekk setje seg ned. Noko som viste seg å verta svært så artig. Syns det er ekstra koselig å finne på noko litt ekstra, skal ikkje alltid så mykje til, men det gir ein god stemning og får fart på praten.
 
(Dette var då meg, sidan eg ammar;-))
 
Prøvde meg på macarons for første gang. Må innrømme at eg var veldig spent på om eg skulle få det til, så det var ikkje akkurat "hovudserveringa". Men må sei meg ganske nøgd med dette førstegangsresultatet. Langt ifrå perfekt, men smaken og konsistensen vart heilt nydeleg! Fleir bilete av desse og resten av kakene i neste innlegg=))
 
 
Ynskjer alle mine fine lesara ein nydelig start på helga!
 
Klem frå meg<3