Viser innlegg med etiketten mat. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten mat. Vis alle innlegg

mandag 29. april 2013

Todays Special

Dei siste månadane har eg byrja å planlegge middagane ei veke og to fram i tid. Det lønner seg virkelig har eg erfart! Då veit eg alltid kva eg skal lage og ein sparer mykje penger på å ha ei skikkelig handleliste! Her snakker me nokre tusenlappar i månaden altså!!
 
 
Dagens middag; Kylling- og grønnsakssuppe med curry og kokosmelk servert i den fine panna mi frå Riviera Maison. Oppskrifta på suppa finn du her. Skikkelig god suppe! Eg erstatta løk og kvitløk med selleristang sidan eg ikkje vil eta løk når eg ammer.
 
 
Scones er enkelt, fort gjort og smaker veldig godt!
 
Mitt neste prosjekt er å male ei plate i tavlemaling som kan henge på kjøkkenet til vekesmeny. Malinga er kjøpt inn, så no mangler eg plata og tida til å få gjort det.
 
Ynskjer alle ei finfin veka vidare!!

torsdag 21. februar 2013

Gavemaraton

Når våren byrjar så vidt å vise sine småtegn står bursdagene i kø her i familien. Så nært som alle utanom tre stykker til saman frå både min og mannen sin familie har bursdag frå no i februar til me avslutter med min dag i april. Så kjem barnebursdager og vennebursdager i tillegg. Eg syns det er veldig koselig med alle desse bursdagene, både å stelle i stand sjølv og å gå på besøk.
 
Men det blir jo ein liten formue i gåver. Så i år har eg tenkt å vera litt føre var og planlegge godt! Mykje vil eg prøva å laga sjølv, det er både kjekt økonomisk og veldig koselig å få noko som er heimelaga, syns iallfall eg. 
 
Eit lite tips til den syglade:
Dette er altså laga på null komma niks.
Eit lite stykke stoff, trur det var ein halvmeter eg kjøpte av dette stoffet ein gong i tida.
 
 
Stoffet var bare ei lang remse. Det som trengtes var EIN saum på kortsidene, slik at du får ein "ring".
 
 
Og Voila! Du har eit tubeskjerf ingen har make til!
 
Ein kan sjølvsagt gjere meir utav det med blonder, pyntesaumer eller bånd. Men syns stoffet var så fint så ville ha det slik. Kantene er "råklipt" som det heiter, ville ikkje ha noko saum her slik at det vert litt frynsete i bruk. 
 
 
Dette har eg laga til ei klubbvenninne som eg diverre ikkje fekk feirt dagen ilag med, men skal heldigvis i klubb med ho i morgon. Og ho elskar skjerf!! Spent på om ho kjem til å like dette=)
 
Til slutt eit bilete av kveldskosen eg laga til meg og mannen mens han tok kveldsstellet. Kjekt å overraske sin kjære av og til=)
Sunt og godt med banan, appelsin, blåbær og cottage cheese med eit lite kaneldryss.
 
 
Ynskjer alle som er innom ein fortsatt fin torsdagskveld!