Viser innlegg med etiketten dåp. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten dåp. Vis alle innlegg

fredag 21. juni 2013

Dåpskake

God morgon.
 
Her er resultatet av dåpskaka eg laga til helga. Sukkerbotn fylt med bringebærsyltetøy, vaniljekrem, fløytekrem og friske bringebær. Trekt med marsipan og pynta med marsipan og sukkerpasta. Eg føler eg ikkje har heilt teken på roselaging, så derfor vart det ei kaka utan blomar. Så får eg heller lære meg å lage fine roser til neste gong.
Inspirasjon har eg henta frå fine Tonerose sin blogg som du finn her. Ta gjerne ein tur innom, ho lager så utrulig mykje fint.
 
 
 
Litt salt på kakebordet vart ein slager, særs hos dei søte små. Godt å ha eit alternativ til alt det søte.
 
 
Ynskjer alle ei fin start på helga. Kanskje er det sommarferie for nokre? Me har ei veke igjen, så tar me vår etterlengta feeeerie.
-bestefølelseniverden-
 
Fredagsklem frå meg =)
 
 

onsdag 19. juni 2013

Bileteras frå dåpsdagen

God onsdagskveld=)
 
I dag vil eg dele litt bilete frå den fantastisk fine dåpen me hadde i helga. Sidan me har større terrasse enn me har stove, fall det seg naturlig å ha det ute på terrassen. Og når ein bur på vestlandet er det alltid eit sjangsespel. Men du og du for eit hærlig vèr me fekk.
-Sol og varme-
 



Bordkort og servietter
 
 
Alle "rekvisitter" klare til å kome på bordet. Sølvtøyet er tatt i bruk for fyrste gong. Syns det var kjempekoselig å bruke det. Gode minner frå middager hos mine kjære besteforeldre på østlandet. Arva det frå mormor for nokre år sidan, men har ikkje komt på å bruke dei. Synd når noko så fint bare ligger i ei skuff og samler støv.
 
 
 
Blondegardiner som blafrer i vinden<3
 
 
Partyteltet fekk me låne av nokre gode vener. Det er stort, 4*6 meter trur eg. Så her var det god plass til alle våre fine gjester.
 
 
Som bordkort laga eg nokre søte barnevogner. Var vel det som var mest jobb med utanom dåpskaka, men den skal eg vise i neste innlegg.
 
 
 
Det norske flagget som vaier i vinden, majestetisk og flott. Drøymer om flaggstang når eg får meg hus.
 
 
 
Pynten vart heilt enkel, med hortensia som eg lurte inn litt brudeslør i, enkelt og skjønt. Sommerfuglservietter med slike gamle sjarmerande klesklyper som eg kjøpte på ein lokal natur-interiørbutikk.
 
 
 
 
 
Ynskjer alle som er innom ein fin onsdagskveld=)

fredag 7. juni 2013

Dåpsinvitasjon

Så god tid eg hadde til å planlegge dåpen.
Kor vart den tida av?
No er det ikkje tid nok igjen til å bestille på Ebay eingong. Men eg tenker enkelt denne gangen. I storesøster sin dåp gjorde eg alt sjølv. Laga alle trykksakene sjølv, koldtbord, blomeoppsats, pynt osv. Absolutt alt ville eg laga sjølv, men er det verdt det når dagen kjem og eg er heilt utslitt? Nei denne gongen vil eg bestille maten og gjere pynten enkel. Så får eg god tid til gjestene når dei kjem. Det eg vil bruke litt ekstra tid på denne gongen er dåpskaka, håpar eg får det til=)
 
 
Dåpsinvitasjonane vart laga på ein kveld, med stort sett det eg hadde liggande. Det einaste eg kjøpte var babyblå ark. Syns dei blei enkle og fine. Kan fort bli for mykje dill og.
 
 
Inni kortet har eg stempla eit fint "mirakel-stempel" og laga ei koselig vogn som eg tenkte sku bli tema når eg skal lage bordkort.
 
 
Til slutt eit bilete av min finfine mugtail kopp som kom i posten i går. Den fekk eg i premie sidan eg abbonnere på Boligpluss(noko eg har ynskja meg i lengre tider).
 
Ynskjer deg ei strålande helg fyllt med solskinn
=)

mandag 1. april 2013

Eit lite livstegn og dåpsgaver

God kveld!
 
Eit lite livstegn frå denne kanten i kveld.
Her har det skjedd store ting den siste tida!
Eg er blitt tobarnsmamma!! <3
Verdas skjønnaste prins kom til verda 05.mars.
Så denne firarfamilien har hatt litt andre ting å tenke på i det siste, derfor er bloggen blitt nedprioritert. Men etter ein heilt fantastisk påskeferie har me fått lada batteria og eg kjenner energien kjem tilbake! Med det høyrer det til både interiørprosjekt, hobbyprosjekt og anna forefallande vårpyssel som sjølvsagt må bloggast om etterkvart.
Det er ein av dei kjekkaste tinga med bloggen syns eg, at ein får den ekstra piffen til faktisk å gjennomføra prosjekt som gjerne har vore i tenkeboksen i lengre tider! Få vise det fram her og få slike gode og varme tilbakemeldingar! Det gir inspirasjon og motivasjon til tusen!
 
 
Bileta i dag er frå dåpen til niesa mi.
I forrige innlegg skreiv eg om gavemaraton. Tanken var å ha nokre oppfølgingsinnlegg om det, men det gjekk ikkje heilt etter planen. Så då får eg ta det litt innimellom som det passar i staden.
 
 
I dåpsgave sydde eg denne gammelrosa heildressen i hærlig mjuk fleece. Den har armer og bein i stretchribb så den passer leenge. Jenta mi har brukt ein slik i ca to år og den passar så vidt enda. Den fekk seg ei alvehette med stjerne på og blomsterfòr og ei stjerne framme på brystet. Den er str 1-2 år så den vil nok passe frå hausten av tenker eg. Ho fekk også ei bleiekake frå oss, men det kjem bilete av i neste innlegg.
 
 
Sidan eg var høggravid på denne tida hadde eg ikkje noko særlig energi til å laga dåpskake, men cupcakes ville eg no laga, det er ikkje fullt så krevande.
 
 
Eg laga to ulike, ein vaniljecupcakes og ein sjokolade, begge frå boka "Love Manuela". Figurane er laga i marsipan der eg har brukt stempel til å trykka på dei. Formene fann eg på Tonerose sin blogg, skreiv dei ut, klypte og limte dei saman. Vart så mykje finare enn vanlige former(som ofte blir fettete etter steiking) Ho har såå mykje fint inne på bloggen sin. Blir heilt overinspirert(om det er noko som heiter?).
 
 
Til slutt eit bilete av dåpskaka dei hadde. Til inspirasjon for meg som har tenkt å lage kaka sjølv til dåpen me skal ha om nokre månader. Har bestilt slik baby-silikonform på Ebay. Så no gleder eg meg til å byrje å planlegge både kaka og heile dåpen! Planlegginga er jo halve moroa!
 
Ynskjer alle ein hærlig mandagskveld og ei fin ny "kvardagsveke"!
 
Klem frå meg <3