Hurra for 17.mai!
Gratulera med dagen til alle der ute.
Me har hatt koselig familiebesøk i dag både på formiddagen og ettermiddagen. Serveringa har vore den tradisjonsrike rømmegrauten med spekemat og anna godt tilbehør. Ingen 17.mai utan rømmegraut for min del.
Borddekkinga i dag vart enkel med 17.mai tema sjølvsagt.
Nokre eplegreiner frå hagen med alldeles nydelig duft og kvitveis plukka saman med storesøster. Må bare sei at stova mi dufter nydelig godt etter eg tok inn desse eplegreinene i går.
-sommerkjensle-
Fekk så lyst å lage skuleboller, hugser godt mamma lagde skuleboller til oss, og det var noko av det beste me kunne få av bakst. Syns det er så koselig å gjere ting for ungane som eg syns var kjekt å få sjølv som liten. Bringer gode minner.
Ostekake etter oppskrift frå GodMorgenNorge og Ida som vann "hele Norge baker". Den var enkel å lage og veldig frisk og god=) Med god hjelp til pynting av storesøster vart den eit fint innslag i 17.mai feiringa.
Storproduksjon av både boller, brød og rundstykker. Når ein først byrjer å bake så kvifor ikkje fylle opp frysen litt? (Dette blei forresten gjort i går).
Ein enda enklere borddekning til kaffigjestene. I dag ville eg bruke lite tid på slike "materielle" ting og heller bruke tida på ungene og familien. Rett og slett nyte dagen saman(og ete masse is).
Litt av bordpynten var mamma`s gamle bunadsbelte og søljer. Enda fleire gode minner frå mi gode mor som eg diverre ikkje har med meg lenger.
Håper dåke har hatt ein like fin 17.mai feiring som meg og ynskjer dåke ei god pinsehelg. Vèrgudane var ikkje heilt med oss her i dag, men i morgon derimot er det meldt sol og 23 grader. Håper, håper, håper det blir som meldt!!