lørdag 6. april 2013

Jentebursdag

God laurdagskveld!
 
Her har me endelig fått feira 3-årsdagen til storesøster i dag. Kan tru ho har gleda seg stort til denne dagen, men det har vore såå lenge å venta. Måtte nesten venta til litlebror var blitt litt større før me fylte huset me barn. Dagen har vore kjempekoselig, både for store og små.
 
 
Rosafaktoren var høg då me diskuterte kva tema til bursdagen skulle vera. Roosa og litt lilla. Mor syns det er heilt greit med rååsa sidan ho er så glad i fargen sjølv.
-gladfarge-heimalaga pomponger-
 
 
I går kveld fekk eg bakt ei sjokoladekake med marsipantrekk. Den har eit lag med oreokrem og eit lag med melkesjokoladekrem inni. Mmm, skikkelig saftig og god! Tanken var at eg skulle øve meg litt til dåpskaka. Så pynten vart slikt diamantmønster. Syns det er så fint! Første gong eg prøver det, så ser det trengs litt øvelse her ja. Kjenner eg gleder meg skikkelig til dåpsplanlegging no.
 

Planen var å pynte kaka med ei slik 3D krone som eg laga av royal icing(melis og eggekviter), men då eg skulle ta den av papiret sklei den og deisa i gulvet. Vel, vel tenkte husmora midt mellom amming, gulvvask og borddekking, -noko måtte det jo vera. Ikkje så mykje å gjera med, så ingen grunn til å bli alt for oppgitt. Bedre lykke neste gong=)
 
 
Bordet fekk eg ikkje tatt bilete av før gjestene var plassert og kaka spretta. Men ein enkel dekning med einstilksroser, tallerkner og kopper med prinsesser på og lilla polkadots-servietter og lilla sugerøyr.

 
I går var storesøster med og laga lilla og rosa gele, kan tru det var stas! Syns det var genialt å ha dei i slike glas, lite søl og lite oppvask.
 
No har roen senka seg og oppvasken er tatt. Husbonden har laga laurdagspizza så no er me klar for sofakos og snart artistgalla.
Hærlig.
 
Ein god laurdagskveld til deg!! =)

4 kommentarer:

Anonym sa...

Wow eg er imponert,den kaka med så fint mønster,eg hadde aldri klart lignende:)så gøy med bursdag,kan tenke meg ho var storfornøyd:)
Gøy å dekke bord og gele oppi slike glass er genialt,fekk lyst på gele eg no;)

Ein fine søndag til deg!håper på meir sol og varme og ikkje meir snø!
God klem fra Lillian

Lidyll sa...

Hei hei!:)

Takk for hyggelig kommentar inne hos meg! Stas!:)

...og ser ut som en koselig jentebursdag! Den kaken er jo heeeeeelt fantastisk! Høres fantastisk god ut og ser utrolig lekker ut! Dette burde jeg lære meg altså! Digger diamantmønsteret i rosa!!:)

Ønsker deg en flott søndag og en fin ukestart i morgen!
Klem fra meg

Lidyll sa...

...skrev akkurat inn en kommentar her men forsvant den tro???

Ville gjerne takke fr hyggelig kommentar hos meg!:) Gjør meg glad!

..og fantastisk kake! Wooooooow!

flott søndag og ny ukestart i morgen:)
Klem fra meg

Fru Lykle sa...

Hei :) takk for kjempekjekk komentar inne hos meg! så flink du er med kaker! og den gammelrosa dressen var jo heilt nydelig! ha ein fin start på veka!