Viser innlegg med etiketten tips. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten tips. Vis alle innlegg

mandag 22. april 2013

Søtsaker

God mandagskveld!

Her kjem kakebileta frå den koselige bursdagsfeiringa mi saman med venninner. Alle oppskriftene eg har brukt her er frå passion4baking sin blogg. Den dama lager så utrulig mykje fine kaker og andre delikate søtsaker.

Denne kaka heiter Oreo & Strawberry cheesecake, oppskrifta finn du her. Ei kake som var enkel å lage og den kan du jo faktisk ha på lur i fryseren også. Eg tok den opp eit par timer før servering og då var den akkurat passe frossen.
Smaken var heilt nydelig!


Så var det desse makronene eg nemnte i forrige innlegg. Så lenge har eg tenkt å prøve meg på desse, men har høyrt at det er ganske vanskelig å få til så har liksom ikkje vågt meg utpå. Men endelig fekk eg mota meg opp til å prøve. Framgangsmåten er i grunn såre enkel, men mykje kan skje.

Hadde litt pink pastafarge i massen ilag med white icing color fra Wilton for å få ein litt meir pastelrosa farge.

Nokre tips på vegen til vellykka makroner:
*Ha heilt rein og tørr bolle når du visper eggekviten
*Eggekviten må ha romtemperatur, ha dei gjerne ute eit døgn
*Ha ei ekstra bakeplate under i omnen
*Ikkje bruk varmluft
*La dei stå å tørke i ca ein time før steiking, til det danner seg ei skorpe på overflaten


Såg dåke på HeleNorgeBaker i går? Vel, eg tviler på at Pascal hadde blitt "glad i munnen sin", men eg må sei meg nøgd. Det er smaken som teller mest og her syns eg smaken var heilt nydelig=)
Oppskrifta finn du her.
 

Til slutt eit bilete av cupcakes som eg nesten alltid har i selskap. Denne gangen prøvde eg Pink-white velvet cupcakes. Sjølve muffinsen vart mykje saftigare enn mange av dei andre oppskriftene eg har prøvd. Sjølv etter to dagar var den saftig og kremen frisk og god.
 
Til pyntinga fekk eg god hjelp av storesøster(3 år), så det vart så som så, men som sagt; det er smaken som teller!
 
 
I dag har me vore på 6-vekers kontroll. Og jammen har litlebror vokst! Han har strekt seg ein cm i veka, heilt utruleg kor fort det går!
 
Ynskjer alle som er innom ein finfin mandagskveld! Tenkte eg skulle prøve å komme meg tidlig i seng i dag så eg får lest nokre kapittel om Harry Hole utan at det går utover nattesøvnen. Vanskelig å legge frå seg!=)

torsdag 21. februar 2013

Gavemaraton

Når våren byrjar så vidt å vise sine småtegn står bursdagene i kø her i familien. Så nært som alle utanom tre stykker til saman frå både min og mannen sin familie har bursdag frå no i februar til me avslutter med min dag i april. Så kjem barnebursdager og vennebursdager i tillegg. Eg syns det er veldig koselig med alle desse bursdagene, både å stelle i stand sjølv og å gå på besøk.
 
Men det blir jo ein liten formue i gåver. Så i år har eg tenkt å vera litt føre var og planlegge godt! Mykje vil eg prøva å laga sjølv, det er både kjekt økonomisk og veldig koselig å få noko som er heimelaga, syns iallfall eg. 
 
Eit lite tips til den syglade:
Dette er altså laga på null komma niks.
Eit lite stykke stoff, trur det var ein halvmeter eg kjøpte av dette stoffet ein gong i tida.
 
 
Stoffet var bare ei lang remse. Det som trengtes var EIN saum på kortsidene, slik at du får ein "ring".
 
 
Og Voila! Du har eit tubeskjerf ingen har make til!
 
Ein kan sjølvsagt gjere meir utav det med blonder, pyntesaumer eller bånd. Men syns stoffet var så fint så ville ha det slik. Kantene er "råklipt" som det heiter, ville ikkje ha noko saum her slik at det vert litt frynsete i bruk. 
 
 
Dette har eg laga til ei klubbvenninne som eg diverre ikkje fekk feirt dagen ilag med, men skal heldigvis i klubb med ho i morgon. Og ho elskar skjerf!! Spent på om ho kjem til å like dette=)
 
Til slutt eit bilete av kveldskosen eg laga til meg og mannen mens han tok kveldsstellet. Kjekt å overraske sin kjære av og til=)
Sunt og godt med banan, appelsin, blåbær og cottage cheese med eit lite kaneldryss.
 
 
Ynskjer alle som er innom ein fortsatt fin torsdagskveld!

torsdag 14. februar 2013

DIY

God torsdagskveld!
 
Eit lite kreativt innlegg frå meg i dag. Hadde eit par ullsokker som var blitt hull på under beina. Eg klippa av beina på dei og tredde resten over ein vase og ein over ei lyslykt.
 
 
 Vips så hadde eg ein heilt ny vase
og ei finfin lyslykt med strikkedrakt.
 
 
 
Til slutt må eg vise bodyen eg har sydd til mi vesle niese på snart tre månader. Den var skikkelig god passform på så denne vart eg nøgd med.
-Litt stolt-
Stoff frå Stoff&Stil og mønster frå "Heilt Spesiell".
Har til og med bestilt meg størrelselapper til å ha i nakken. Lett å gløyme kva str eg har sydd i. Dei er bestilt frå Lykkedragen.
Denne er i sydd i str 56, akkurat passe til veslesnuppa.
 
 
Ha ein fortsatt hærlig torsdagskveld!

lørdag 9. februar 2013

Tips til flekkete ullklær

Har du også problem med flekker på ullklærne til barna? Eg hadde nokre kvite ullbodyar som var blitt så stygge med gule flekker som eg ikkje fekk vekk. I butikken her om dagen kom eg over ulike fargeprodukt. Bl.a. ein til ull.
Genialt tenkte eg!
 
 
Då eg sette i gang å blande syns eg fargen var mistenksom lilla! Litt småirritert på at eg sikkert hadde fått feil farge gjennomførte eg det alikevel. Forberedt på å skrive klage til produsenten på blåfargen som vart lilla!
 
 
Men etter skylling og eit par runder i maskina vart fargen BLÅ!
-Lykke-
 

No er fleir bodyar klar til litlebror i hærlig "ocean blue" farge.
 
 
Litt skjoldete i fargen, men det gjer ikkje noko syns eg. Betre enn masse med gule flekker. Saumane tok ikkje til seg farge, men det syns eg i grunn bare vart ein stilig kontrast. No er det bare tre veker igjen til termin. Koselig å dulle med slike babyting som må gjerast klart. Men må og få sei at han er hjartans velkommen før tida om han føler for det. Hadde liksom ikkje gjort noko. He, he..
 
 
Her er fargen eg brukte, Dylon heiter den. Min er kjøpt på Coop Extra, men veit du får dei på bl.a. Stoff & Stil. Den er i mange fine farger og til ulike materialer. Kanskje eg kan farge nokre av klærne til storesøster etterkvart. Så slepper han kanskje unna litt rosa og lilla.
 
 
Dette vart jo nesten som eit reklameinnslag for produktet. Ikkje heilt det som var meininga, men eg vart så nøgd med "gjenbruk" av bodyane. Så måtte dele dette med dåke.
 
Ha ei fortsatt fin helg!!