mandag 1. april 2013

Eit lite livstegn og dåpsgaver

God kveld!
 
Eit lite livstegn frå denne kanten i kveld.
Her har det skjedd store ting den siste tida!
Eg er blitt tobarnsmamma!! <3
Verdas skjønnaste prins kom til verda 05.mars.
Så denne firarfamilien har hatt litt andre ting å tenke på i det siste, derfor er bloggen blitt nedprioritert. Men etter ein heilt fantastisk påskeferie har me fått lada batteria og eg kjenner energien kjem tilbake! Med det høyrer det til både interiørprosjekt, hobbyprosjekt og anna forefallande vårpyssel som sjølvsagt må bloggast om etterkvart.
Det er ein av dei kjekkaste tinga med bloggen syns eg, at ein får den ekstra piffen til faktisk å gjennomføra prosjekt som gjerne har vore i tenkeboksen i lengre tider! Få vise det fram her og få slike gode og varme tilbakemeldingar! Det gir inspirasjon og motivasjon til tusen!
 
 
Bileta i dag er frå dåpen til niesa mi.
I forrige innlegg skreiv eg om gavemaraton. Tanken var å ha nokre oppfølgingsinnlegg om det, men det gjekk ikkje heilt etter planen. Så då får eg ta det litt innimellom som det passar i staden.
 
 
I dåpsgave sydde eg denne gammelrosa heildressen i hærlig mjuk fleece. Den har armer og bein i stretchribb så den passer leenge. Jenta mi har brukt ein slik i ca to år og den passar så vidt enda. Den fekk seg ei alvehette med stjerne på og blomsterfòr og ei stjerne framme på brystet. Den er str 1-2 år så den vil nok passe frå hausten av tenker eg. Ho fekk også ei bleiekake frå oss, men det kjem bilete av i neste innlegg.
 
 
Sidan eg var høggravid på denne tida hadde eg ikkje noko særlig energi til å laga dåpskake, men cupcakes ville eg no laga, det er ikkje fullt så krevande.
 
 
Eg laga to ulike, ein vaniljecupcakes og ein sjokolade, begge frå boka "Love Manuela". Figurane er laga i marsipan der eg har brukt stempel til å trykka på dei. Formene fann eg på Tonerose sin blogg, skreiv dei ut, klypte og limte dei saman. Vart så mykje finare enn vanlige former(som ofte blir fettete etter steiking) Ho har såå mykje fint inne på bloggen sin. Blir heilt overinspirert(om det er noko som heiter?).
 
 
Til slutt eit bilete av dåpskaka dei hadde. Til inspirasjon for meg som har tenkt å lage kaka sjølv til dåpen me skal ha om nokre månader. Har bestilt slik baby-silikonform på Ebay. Så no gleder eg meg til å byrje å planlegge både kaka og heile dåpen! Planlegginga er jo halve moroa!
 
Ynskjer alle ein hærlig mandagskveld og ei fin ny "kvardagsveke"!
 
Klem frå meg <3

3 kommentarer:

Kristina, nord i bygdo sa...

Så nydeleg dress du sydde til niesa di! Både fin å sjå til og heilt sikkert veldig god å ha på. Gratulerer så veldig masse med vesle prinsen ♥ Håper dåke har gode dagar. Ta vare på tida, den går så altfor fort. Me snakkast ♥ Klem klem

Audhild sa...

Hei!
Så fant jeg en fin-fin blogg idag også :)

Gratulerer med bebis!! Så kos!
Veldig fin heldress du har sydd!!
Såå fin farge!
Og cupcakes`en så bare helt naaaam ut,fristet!!!

God ny uke!
KLEM Audhild

Anonym sa...

Gratulerer så massemed prinsen,så fantastisk under:)det er ei flott tid å ha baby på no,blir nokre mnd før sommaren og fint å være ute:)
Så nydelige dress,du er så flink!fineste fargen og!

Så glede eg meg til et lite bloggtreff når me får det til:)

Fine dag til deg!
Klem fra Lillian