mandag 22. april 2013

Søtsaker

God mandagskveld!

Her kjem kakebileta frå den koselige bursdagsfeiringa mi saman med venninner. Alle oppskriftene eg har brukt her er frå passion4baking sin blogg. Den dama lager så utrulig mykje fine kaker og andre delikate søtsaker.

Denne kaka heiter Oreo & Strawberry cheesecake, oppskrifta finn du her. Ei kake som var enkel å lage og den kan du jo faktisk ha på lur i fryseren også. Eg tok den opp eit par timer før servering og då var den akkurat passe frossen.
Smaken var heilt nydelig!


Så var det desse makronene eg nemnte i forrige innlegg. Så lenge har eg tenkt å prøve meg på desse, men har høyrt at det er ganske vanskelig å få til så har liksom ikkje vågt meg utpå. Men endelig fekk eg mota meg opp til å prøve. Framgangsmåten er i grunn såre enkel, men mykje kan skje.

Hadde litt pink pastafarge i massen ilag med white icing color fra Wilton for å få ein litt meir pastelrosa farge.

Nokre tips på vegen til vellykka makroner:
*Ha heilt rein og tørr bolle når du visper eggekviten
*Eggekviten må ha romtemperatur, ha dei gjerne ute eit døgn
*Ha ei ekstra bakeplate under i omnen
*Ikkje bruk varmluft
*La dei stå å tørke i ca ein time før steiking, til det danner seg ei skorpe på overflaten


Såg dåke på HeleNorgeBaker i går? Vel, eg tviler på at Pascal hadde blitt "glad i munnen sin", men eg må sei meg nøgd. Det er smaken som teller mest og her syns eg smaken var heilt nydelig=)
Oppskrifta finn du her.
 

Til slutt eit bilete av cupcakes som eg nesten alltid har i selskap. Denne gangen prøvde eg Pink-white velvet cupcakes. Sjølve muffinsen vart mykje saftigare enn mange av dei andre oppskriftene eg har prøvd. Sjølv etter to dagar var den saftig og kremen frisk og god.
 
Til pyntinga fekk eg god hjelp av storesøster(3 år), så det vart så som så, men som sagt; det er smaken som teller!
 
 
I dag har me vore på 6-vekers kontroll. Og jammen har litlebror vokst! Han har strekt seg ein cm i veka, heilt utruleg kor fort det går!
 
Ynskjer alle som er innom ein finfin mandagskveld! Tenkte eg skulle prøve å komme meg tidlig i seng i dag så eg får lest nokre kapittel om Harry Hole utan at det går utover nattesøvnen. Vanskelig å legge frå seg!=)

2 kommentarer:

Anonym sa...

Du Hihi eg har tre år igjen av 30 åra,jada eldest med stil:))
Så masse godt du lager,flinke du er ,såg jo knallgodt ut!
6 veker allerede,tida går fort og så kjekkt når dei vokser og,gå fort!

No håper eg snart høsten er over her og at våren kommer for makan til surt vær,huttetu!
Eg fryser og vil ha varme,huff skal ikkje klage!
Visst du eingang er innom på Lukas&Linnea og eg står der så må du gi deg til kjenne,ikkje sant:)?
God klem fra Lillian

Kristina, nord i bygdo sa...

Hei hei :)

Så flink du er til å dekke bord, pynte og lage kaker!! Den kaka har eg og lyst til å prøve å lage, såg utruleg god ut. Ser ut som makronene også vart velykka, du har det verkeleg i deg Mari :)

Gratulerer så masse på forskudd! 25 år er ein dag verdt å feire. Eg var også tobarnsmamma då eg var 25 (no blir eg snart 29, tida fyk). Fint å vere ung mor synest eg. Ein har litt meir energi då ;) Er imponert over at du orkar å lage til eit så fint selskap midt i ammetåka. Men det er mykje ein klarer når det er noko ein liker godt. Kos dåke vidare og særleg på torsdag. Klem frå meg ♥