tirsdag 2. april 2013

Bleiekake

God morgon =)

I forrige innlegg nemnte eg denne bleiekaka eg laga til niesa mi sin dåp. Sidan eg ikkje orka å lage dåpskaka, måtte eg jo lage ei anna slags kake. Så då vart det bleiekake. Hehe=) Ein litt uvanlig dåpspresang, men den fall i god jord både av mottakarane og gjestene.

Borden rundt designa eg på word og limte på dekorark rundt heile vegen med ulike tekster som; Gratulera med dåpsdagen M, Glede, Lykke o.l.

Som dekor hengte på eit par heimastrikka tøfler til ei lita tulle.
Og slik såg den ut ferdig innpakka i cellofan. To lag med bleier og fleecedressen i rosaprikkete gavepapir på toppen.
Ynskjer alle som er innom ein finfin tirsdag!!

1 kommentar:

Kristina, nord i bygdo sa...

Så stilig den bleiekaka var! Skikkeleg forseggjort ! Ligg eindel arbeid i ei sånn kake òg så eg er ganske imponert over at du fekk til alt det der mens du var høggravid. Men du såg jo veldig sprek ut også då ;) Eg pleie å esa ut i ansiktet (og eindel andre plassa) på slutten. Men det er verdt det når me ser resultatet. Disse små er berre så skjønne. Prinsesso di var så fortrolig med meg i bhg i dag og ville fortelle ein heil del. Veldig koseleg *smil* Ho er ei skikkeleg herleg jente. Såg dei når dei gjekk på tur heile gruppa og dei er berre så bedårande der dei stabbar bortover med like vestar på seg, gåande hand i hand. Ønsker deg ein GOD dag Mari ♥ Stor klem (og takk for skjønn helsing inne hos meg).