lørdag 25. mai 2013

Sommarkjensle

Nok ein hærlig dag her på vestlandet.
Litt kald vind var det i dag, men med ein ekstra jakke på går det bra så lenge sola skin for oss. Hærlig å kunne ha terrassedøra open heile dagen og la blondegardinene blafre i vinden.
 
 
Ja, du ser rett. Eg har fått meg stol i dag! Forskotsgåve til 1-års bryllaupsdag frå min kjære. Det er nok ikkje ein ekte Eames, men ein god kopi frå Trend design. I mine auge(og lommebok) er den meir enn god nok. Eg tar meg sjølv i å smile kvar gong eg ser den. Storesøster vart minst like glad som meg, så etter badetid i dag sat me i stolen ilag eg og ungane. Gynga, åt kinderegg og koste oss med barne-tv.
 
 
No er putene rydda inn, sidan me desverre bare har sol til 7-8 tida på kvelden. Kjenner eg sakner den kveldssola, her er det liksom kveld då når sola går ner. Men om ein har kveldssol derimot varer dagen så mykje lenger. Det får stå høgt på lista til framtidig huskjøp. Men med beina høgt, heimalaga pizza og filmkos kjenner eg det er litt godt å ta tidlig kveld og. Ein vert sliten av lange dagar ute i sola.
 
 
Her ser dykk eit lite glimt frå den nye stova vår. Skal vise før -og etter bilete litt seinare.
 
 
Eg tenker kvart år at eg skal så grønnsaker og lage urtehage, men det vert som regel med tanken. I år har me tatt steget vidare og faktisk gjort klar plantekassen, så no gjenstår bare sjølve plantinga. Tenkte dette kunne vera eit kjekt prosjekt for storesøster og mammo. Eit prosjekt som bare er vårt. Syns det er viktig å vera litt berre oss to no når litlebror er kommen til verda. Godt med litt aleinetid med mamma.
Litt usikker på om eg skal male den eller ha den slik den er. Kva ville du gjort?
 
Ynskjer alle ei strålande helg vidare.
 
 

fredag 17. mai 2013

17. mai

Hurra for 17.mai!
Gratulera med dagen til alle der ute.
 
 
Me har hatt koselig familiebesøk i dag både på formiddagen og ettermiddagen. Serveringa har vore den tradisjonsrike rømmegrauten med spekemat og anna godt tilbehør. Ingen 17.mai utan rømmegraut for min del.
 
 
Borddekkinga i dag vart enkel med 17.mai tema sjølvsagt.
Nokre eplegreiner frå hagen med alldeles nydelig duft og kvitveis plukka saman med storesøster. Må bare sei at stova mi dufter nydelig godt etter eg tok inn desse eplegreinene i går.
-sommerkjensle-
 
Fekk så lyst å lage skuleboller, hugser godt mamma lagde skuleboller til oss, og det var noko av det beste me kunne få av bakst. Syns det er så koselig å gjere ting for ungane som eg syns var kjekt å få sjølv som liten. Bringer gode minner.
 
 
Ostekake etter oppskrift frå GodMorgenNorge og Ida som vann "hele Norge baker". Den var enkel å lage og veldig frisk og god=) Med god hjelp til pynting av storesøster vart den eit fint innslag i 17.mai feiringa.
 
 
Storproduksjon av både boller, brød og rundstykker. Når ein først byrjer å bake så kvifor ikkje fylle opp frysen litt? (Dette blei forresten gjort i går). 
 
 
 
Ein enda enklere borddekning til kaffigjestene. I dag ville eg bruke lite tid på slike "materielle" ting og heller bruke tida på ungene og familien. Rett og slett nyte dagen saman(og ete masse is).
 

 
Litt av bordpynten var mamma`s gamle bunadsbelte og søljer. Enda fleire gode minner frå mi gode mor som eg diverre ikkje har med meg lenger.
 
 
Håper dåke har hatt ein like fin 17.mai feiring som meg og ynskjer dåke ei god pinsehelg. Vèrgudane var ikkje heilt med oss her i dag, men i morgon derimot er det meldt sol og 23 grader. Håper, håper, håper det blir som meldt!!

mandag 13. mai 2013

Blomstersøndag

God kveld!
 
I går fekk eg endelig planta litt ute. Har ikkje fått gjort nokonting utandørs i år. Har vore så utrulig mykje dårlig vèr(og med liten baby i hus vert det andre prioriteringar sjølvsagt). Håpar det snur snart. Godt å få litt blomar i potter og kar ute til 17.mai. Tidligare har eg som regel planta i balkongkassane 1.mai, men i år var det ikkje så lett med regnet og vinden som herja her på vestlandet ved inngangen til maimånaden.
 
 
 
Med god hjelp frå storesøster vart det ein koselig formiddagsaktivitet. Og godt var det at me kom oss ut tidlig, for utpå dagen skya det til og regnet kom nok ein gong over oss.
 
I heimen holder me på med eit stort oppussingsprosjekt. Gleder meg til å vise resultat og før/etter bilete.
 
 
Ynskjer alle som er innom ein god mandagskveld og ei fortsatt fin veke=)