fredag 19. april 2013

Bord dekk deg!

God fredag!
 
Då var fredagen endelig her! Det er alltid like godt syns eg. Sjølv om eg går heime om dagane er det liksom ekstra kos med helg, tanken på å ha mann og barn heime heile dagane. Bare kose oss som familie!
-Lykke-
 
I går hadde eg jentene mine på besøk for å feira meg sjølv, -neste torsdag vert eg nemleg heile 25 år!
 
 
Eg kosar meg skikkelig når eg får planlegge, pynte og stelle i stand. Skulle nesten hatt eit yrke innan dette sidan eg syns det er så kjekt. Men det hadde vel kanskje tatt ein del av gleden ved det. Så får holde det til ein hobby tenker eg, og kose meg når eg holder på.
 
 
Temaet var litt ubesluttsomt sidan eg hadde så mange idèar, men eg klarte no å holde meg til forholdsvis enkle ting; svart/kvitt iblanda naturmaterial og ein touch rosa.
 
 
Rosa ranunkler, hjerter og tresommerfugler frå MesterGrønn, skåler frå TineKhome med kubbelys i, Kähler vase(som eg har lagt min elsk på), pusekatter og trefjøler som eg har tjuvlånt av pappa.
 
 
 
 
 
Reagensrøyr med oppheng frå Søstrene Grene. Syns dei blei så søte i lysekrona.
 
 
Bordkort laga av dekorpapir, stoffhjerter og dymo. Alt er ting eg hadde liggande. Syns det er noko med det å kunne bruke det ein har til selskap og ikkje kjøpe ein heil masse nytt, sjølv om det kan vera veldig fristande til tider!
Her måtte gjestene altså klare å finne ut kven som var kven før dei fekk setje seg ned. Noko som viste seg å verta svært så artig. Syns det er ekstra koselig å finne på noko litt ekstra, skal ikkje alltid så mykje til, men det gir ein god stemning og får fart på praten.
 
(Dette var då meg, sidan eg ammar;-))
 
Prøvde meg på macarons for første gang. Må innrømme at eg var veldig spent på om eg skulle få det til, så det var ikkje akkurat "hovudserveringa". Men må sei meg ganske nøgd med dette førstegangsresultatet. Langt ifrå perfekt, men smaken og konsistensen vart heilt nydeleg! Fleir bilete av desse og resten av kakene i neste innlegg=))
 
 
Ynskjer alle mine fine lesara ein nydelig start på helga!
 
Klem frå meg<3

3 kommentarer:

Himmelberget sa...

Hei !
Så fint du hadde pynta til feiring :)
Eit festbord ein 25-års jubilant verdig <3
Tusen takk for koselege ord på bloggen min. Det set eg utruleg stor pris på :)
Ha ei fantastisk helg ilag med dine beste <3
Klem / Janne

Anonym sa...

Så nydelig du har dekka på,dette kan du det ser eg virkelig og så ung som du er og,du har heila livet foran deg?hihi verre med sånne som meg som er nærmere 40 enn 30,eg har 3 år igjen og dei må nytast:)
Kan tenke meg detvar ei koselig og fin feiring!

God helg til deg!
Klem fra Lillian

Fargebarn sa...

Gratulerer så mye på etterskudd! Så flink du er til å dekke bord! SKikkelig koselig.
Ha en strålende helg!