torsdag 31. januar 2013

Fin torsdag

Innom ein liten tur for å ønske alle ein hærlig torsdag!
 
Her har influensan herja vilt den siste tida, så energien har vore ikkje-eksisterande. Men deilig å endelig kjenne at den kjem krypande tilbake litt etter litt. Og ein bloggerunde hjelper alltid til å fylle energi og kreativ-lageret. Takk til alle dåke fine blogger der ute så gir meg så mykje inspirasjon og glede!!
 
 
Då me var på Ikea for ei lita stund sidan fann eg dette nydelige trefatet. Elsker den lyse, deilige trefargen! Her har det fått plass på sjenken i stua.
 
 
Har ikkje heilt bestemt meg for kor det skal få stå enda, så det blir flytta litt rundtom.
 
 
Oops.. der var det visst bytta plass igjen!
 
Nyt torsdagen!
 
Eg skal prøve å komme sterkare tilbake med bloggeinnlegg etterkvart som energien kjem tilbake.

fredag 18. januar 2013

Eit snev av vår!

Glade farger på ein fredag!
 
Hærlig dagslys inn på kjøkkent mitt i dag.
God følelse å kunne ta bilete i godt lys igjen.
 
 
Eit tynt lag med snø kan ein skimte gjennom vinduet, men samtidig som me nyter kalde og fine vinterdager går tankene mine mot lysere tider. Det går heilt fint å kombinere vinterglede med vårlengsel :-)
Dagene blir bare lengre og lengre, heilt hærlig!
 
 
Til jul hang eg opp denne fine hasselgreina(ønsket var trollhassel, men det var ikkje så lett å få tak i, og denne var jo mykje meir økonomisk)over kjøkkenbordet til å henge fine julehjerter. Både mannen og svigerfar berre rista på hovudet då dei såg prosjektet mitt. Desse mannfolka skjønner seg ikkje på slikt. Men eg blei så glad i denne skal eg sei deg at eg har latt den henge igjen etter hjertene blei rydda vekk. Tenkte den kunne vera fin til alle årstider i grunn. Henge små lyslykter, påskeegg o.l.
-små gleder-
 
 
I morgon skal me på bytur, bl.a. Stoff&Stil. Har eit sterkt ønske om å finne eit fint stoff så eg kan trekke om slagbenken og stolene på kjøkkenet. Syns stjernestoffet er veldig fint, men har hatt det så lenge no, så hadde vore trivelig med litt fornying.
 
 
I gangen står denne finfine vinballongen eg fann i garasjen til pappa. Ei lerkegrein har lenge fått bu i denne, men følte for noko litt meir vårlig. Så kan tru eg smilte stort då eg kom over desse lekre kirsebærgreinene i dag.
 
 
Gangen treng absolutt nokre malingsstrøk, og dette "vakre" sikringskapet, huff! Har tenkt lenge å sy eit forheng eller finne noko fint å dekke det med. Men det må jo samtidig vera lett tilgjengelig. No har eg nesten blitt så vant til det at eg gløymer litt at det er der.. Men prøver trikse litt med å lage blikkfang som drar augene bort fra skapet.
 
 
Her er det meldt kaldt og strålende sol i helga! Gleder meg til å nyte dagene med min lille familie.
 
Nyt helga der du er!<3

torsdag 17. januar 2013

Årets farge 2013...

..er ingen fagrere enn LILLA!

 
"Verden blir mindre, mens Norge blir større."
 
 
"Nyanser av lilla har vært ekstremt populære i Norge de siste fem årene, og med god grunn. De nyansene vi har sett mest av, er spesielt vakre i det norske lyset, og sannsynligheten er stor for at 2013 blir året da lilla får «klassikerstempelet»."
 
 
Bilete og tekst er lånt fra Fargerike.no. Gå inn her og bla heilt ned på sida for å sjå det nye fargekartet!
 
 
 
 
(Bilete er google random)
 
Lilla er og har lenge vore ein av mine absolutt favorittfarger! Den kan varierast i så utrulig mange nyanser! Varme og kalde, lyse og mørke, fra indigo til lavendel.
 
Skal ikkje sjå bort ifrå at det kjem meir lilla inn i heimen her i løpet av 2013. Må innrømme at det passar meg mykje betre enn grønnfargen som var årets farge 2012. Sjølv om det går mykje i svart/kvitt, natur og industrielt for tida er eg glad me kan beholde fargene og, det gjer noko med ein, å omringe seg med fargar.
-glade fargetanker-
 
Ser eg har mange sidevisninger allereie, stor stas for ein nyoppstarta bloggar!
 Legg gjerne igjen eit spor, så kan eg besøka deg ;o)
 
Ynskjer alle dåke som er innom ein nydelig torsdagskveld!!<3

onsdag 16. januar 2013

Barselgave

Eg nemte vel i eit tidligere innlegg at me skulle i barselbesøk. Det er jo alltid så koselig! Og spesielt koselig er det når ein har med ei gåve med omtanke.
 
 
 
Eg sette meg ned kvelden før (som vanlig) og fekk sydd ein body og ei søt hua. Har aldri prøvd dette mønsteret før og har kun prøvd meg på body ein gang tidligere. Så mottakeren fekk i oppdrag å prøve ut passform og stoffkvalitet. 
 
 
Skal prøve å få sydd opp litt sånt smått, er så greit å ha på lager når ein plutselig skal på besøk til nokre av desse søte små. Her har det komt mange i 2012 og nokre er  på veg i 2013.
-Koselig-
 
 
Om eg skal sy og selge på messe i førjulstider tenker eg at eg vil kunne garantere for kvalitet. At det er god passform og god hold i stoffet. Då er det jo greit å glede nære og kjære med gaver samtidig som dei hjelper meg med tilbakemelding på produktet.
Litt gratis reklame blir det og ;-)
 
 
I dag bestilte eg "råvarer" til å lage slike små søte prinsessehårklemmer med antiskli. Også eit tenkt messeprodukt. Sidan litlebror kjem i byrjinga på mars må eg byrje å planlegge evt messe allereie no. Kan vise meir av det ein anna dag.
 
 
Ynskjer alle som er innom ein fantastisk onsdagskveld!!

mandag 14. januar 2013

Kveldsstemning med "happy lights"

God kveld!
Ser klokkesletta på innlegga mine er heilt på bærtur, men klokka er altså snart halv 9 på kvelden.
Har lenge hatt lyst på desse "Happylights" lenkene. Syns dei er så utrulig fine og gir skikkelig koselig lys. Spesielt etter alle adventsstjernene flytta ned i esker og opp på loftet var det godt å få inn noko u-julete lys.
 
(Bilete tatt utan blits for å få den rette stemninga)
 
Dei eg har sett på i butikken har ganske høg prislapp, derfor har dei stått på ynskjelista ei god stund. Men etter ein søkerunde på Etsy.com fann eg desse, og det bare til ein brøkdel av prisen! Bestilte dei heilt fra Thailand, og det tok overraskande nok bare rundt ei veka før eg hadde dei i posten.
-Glede-
 
 
Angrer nesten på at eg ikkje bestilte fleir i same slengen, men må liksom alltid "teste ut" først når eg bestiller fra utlandet. Ein veit jo aldri..
 
 
Kunne jo tenkt meg ei i nokre lekre farger til barnerommet og kanskje ei til soverommet, og så ei til gangen kanskje...
-Begrensninger-
Eg får nok bare nyte synet av og kose meg med denne enn så lenge.
 
 
I TV-kroken har den fått plassen sin. Veggen bak TVen har eg malt i fargen "fjell". Prøver å lyse opp det som kan lysast opp i dette huset. Sidan me har veldig mørkt furegolv og mørke møbler(utbytting er sterkt ønska)tar det mykje lys. Men då me flytta inn i 2008 var det slik eg likte å ha det. Hugser eg falt heilt for gulvet på visninga og no kan eg nesten ikkje holde det ut! Rart korleis smaken kan forandre seg totalt i løpet av kort tid. Men neste prosjekt i huset har me blitt einige om at skal bli gulv! Så litt sparing først, så kanskje draumen vert oppfylt.
 
Ha ein fortsatt fin mandagskveld!

fredag 11. januar 2013

Sniktitt inn på jenterommet

Nokre bilete frå jenterommet i dag. Desse er tatt for ei stund sidan, så no er ny, større seng på plass og litt anna diverse. Tenkte eg kunne vise fleir bilete når det blir litt betre lys å ta bilete i. Med berre eit vindu er det begrensa kor mykje lys som slepper inn.
 
 
På veggen har eg malt eit fantasi-tre. Ho syns det er veldig stas, spesielt å plukke av bladene. Men det får berre vera, kan ikkje ha noko på eit barnerom som ikkje kan plukkast på og prøvast ut.
 
 
Ein liten uglefamilie måtte sys. Dei har fått plass på ei grein og passer på veslejenta om natta.
 
 
Ei hylle frå Ikea har fått ny look med tapet. Bestilte nokre fine tapetprøvar på ei svensk nettside for ei stund sidan. Det var gratis, betalte kun frakt. Og dei var såå fine!
 
 
Ynskjer alle som er innom ein finfin fredag og god start på helga! :-)

torsdag 10. januar 2013

Engler daler ned

Når det er tid for julegåver (ikkje at det er tilfelle akkurat no) vil eg legge litt arbeid i det og laga noko sjølv. Syns det er så hyggelig å få noko som er heimalaga og som du ser giveren har brukt tid og kjærlighet på.
 
 
Denne jula vart det gitt vekk nokre Tildaenglar med ulike personligheitar.
 
 
Rosy-angel sprer glede og positive tanker til dei som treng ein oppmuntring i kvardagen.
House-angel er den som får plass i eit nytt hus og passer på å lage hygge og trivsel.
Guardian-angel er alltid med deg og beskytter deg.
 
 
 Desse englane var så heldig å få tre nye, gode eigarar, og så flaks at personligheten deiras passa perfekt til kvar mottakar:-)
 
 
Litt begrensa i Tilda-stoffsamlinga mi, så mitt ønske er å fornye litt og lage enda fleire engler med gode egenskaper.
 
I morgon skal me i barselbesøk til ei lita tulle og i den anledning tenkte eg å få sydd noko søtt lite. Er ei stund sidan eg har sydd no, så kjenner det skal bli godt å sleppe kreativiteten laus igjen. Hender det bobler over her, så må få litt utløp for det innimellom når eg har tid. Kanskje kommer det bilete i morgon.
 
Ha ein strålande torsdag!!

onsdag 9. januar 2013

Fin formiddag

Hærlig kvalitetstid med meg sjølv. Måtte prøve ut den nye teen eg kjøpte i København i sommer. Lukta litt rart, men var overraskende god!
 
 
Med tankene langt  av sted...
 
 
...nyter eg denne koppen og dei få lysstrålene som smyger seg inn før det blir mørkt igjen - lengter til lysere dager, fuglekvitter og vårlige gjeremål.
 
 
Men hugser også på å nyte dagen i dag, derfor hopper eg nedi støvlene og går meg ein rusletur i skogen før det er henting i barnehagen og middagstid.
 
Ha ein fin onsdag :o)