fredag 7. juni 2013

Dåpsinvitasjon

Så god tid eg hadde til å planlegge dåpen.
Kor vart den tida av?
No er det ikkje tid nok igjen til å bestille på Ebay eingong. Men eg tenker enkelt denne gangen. I storesøster sin dåp gjorde eg alt sjølv. Laga alle trykksakene sjølv, koldtbord, blomeoppsats, pynt osv. Absolutt alt ville eg laga sjølv, men er det verdt det når dagen kjem og eg er heilt utslitt? Nei denne gongen vil eg bestille maten og gjere pynten enkel. Så får eg god tid til gjestene når dei kjem. Det eg vil bruke litt ekstra tid på denne gongen er dåpskaka, håpar eg får det til=)
 
 
Dåpsinvitasjonane vart laga på ein kveld, med stort sett det eg hadde liggande. Det einaste eg kjøpte var babyblå ark. Syns dei blei enkle og fine. Kan fort bli for mykje dill og.
 
 
Inni kortet har eg stempla eit fint "mirakel-stempel" og laga ei koselig vogn som eg tenkte sku bli tema når eg skal lage bordkort.
 
 
Til slutt eit bilete av min finfine mugtail kopp som kom i posten i går. Den fekk eg i premie sidan eg abbonnere på Boligpluss(noko eg har ynskja meg i lengre tider).
 
Ynskjer deg ei strålande helg fyllt med solskinn
=)

2 kommentarer:

Anonym sa...

Så fine koppen du fekk:)kjekkt med flotte premier når ein abonerer på fine blad❤
Kjempefine kort du har laga flinke du er!
Me får håpa på sol og sommer i helga då,hadde vært deiligt!

God helg og kos deg!
Klem fra Lillian

Kristina, nord i bygdo sa...

SÅ fine invitasjonar du har laga! Akkurat passeleg med pynt på, kjempefine. Ja eg er heilt enig, det er lurt å ikkje legge lista for høg når ein skal arrangerer noko og har fleire små barn. Det viktigaste er jo tross alt det at ein er samla, familie og venner, for å feire vesleguten! Tenker at du uansett får sett ditt preg på dåpen, med fine bordkort og flott kake. Det kjem til å bli så bra atte. Håper me treffes snart. Dagane fyk ja, og det er mykje som skjer fortida. God helg og stor klem fra meg ♥