fredag 17. mai 2013

17. mai

Hurra for 17.mai!
Gratulera med dagen til alle der ute.
 
 
Me har hatt koselig familiebesøk i dag både på formiddagen og ettermiddagen. Serveringa har vore den tradisjonsrike rømmegrauten med spekemat og anna godt tilbehør. Ingen 17.mai utan rømmegraut for min del.
 
 
Borddekkinga i dag vart enkel med 17.mai tema sjølvsagt.
Nokre eplegreiner frå hagen med alldeles nydelig duft og kvitveis plukka saman med storesøster. Må bare sei at stova mi dufter nydelig godt etter eg tok inn desse eplegreinene i går.
-sommerkjensle-
 
Fekk så lyst å lage skuleboller, hugser godt mamma lagde skuleboller til oss, og det var noko av det beste me kunne få av bakst. Syns det er så koselig å gjere ting for ungane som eg syns var kjekt å få sjølv som liten. Bringer gode minner.
 
 
Ostekake etter oppskrift frå GodMorgenNorge og Ida som vann "hele Norge baker". Den var enkel å lage og veldig frisk og god=) Med god hjelp til pynting av storesøster vart den eit fint innslag i 17.mai feiringa.
 
 
Storproduksjon av både boller, brød og rundstykker. Når ein først byrjer å bake så kvifor ikkje fylle opp frysen litt? (Dette blei forresten gjort i går). 
 
 
 
Ein enda enklere borddekning til kaffigjestene. I dag ville eg bruke lite tid på slike "materielle" ting og heller bruke tida på ungene og familien. Rett og slett nyte dagen saman(og ete masse is).
 

 
Litt av bordpynten var mamma`s gamle bunadsbelte og søljer. Enda fleire gode minner frå mi gode mor som eg diverre ikkje har med meg lenger.
 
 
Håper dåke har hatt ein like fin 17.mai feiring som meg og ynskjer dåke ei god pinsehelg. Vèrgudane var ikkje heilt med oss her i dag, men i morgon derimot er det meldt sol og 23 grader. Håper, håper, håper det blir som meldt!!

3 kommentarer:

Kristina, nord i bygdo sa...

Å så fine bileter frå feiringa dåkas! Så godt alt såg ut av det du hadde bakt, og pyntinga var også kjempefin. Kunne nesten kjenne den gode lukta frå dei fine eplegreinene.

Så fint du skriv om di kjære mamma. Trist å høyre at ho ikkje lever. Så godt at du har mange gode minner, det er dyrebart. Tenk no er det me som får vere mammaer. For ei viktig rolle me har!! Betyr nok mykje meir for ungane våre enn me aner. Det blir sikkert tydelegare for ein når ein opplever å miste... Håper me kan treffast snart igjen. Er skapa i bakgrunnen nye forresten? Huska du prata om at du hadde lyst på BILLY-hyller då du var hos meg. Dei såg så fine ut hos deg :) Eg har veldig lyst å piffe mine opp litt. Mange muligheter med dei. Blei inspirert av dine :)

God pinsehelg kjære deg ♥

Refleksjon på livsvegen sa...

Nydeleg pynta!
Og fint å bruke minner til pynt.

Fin Pinse til deg :-)

Anonym sa...

Så herlig innlegg,koselig å lese fra dagen og jammen er du flink som baka så masse godt og så nydelig dekka bord og:)
No får me håpa på ei fin helg,med sol ogvarme ellers så blir eg litt skuffa for å være ærlig,hadde trengt godvær nå:)

Ønsker deg ei flott helg!
God klem fra Lillian