onsdag 19. juni 2013

Bileteras frå dåpsdagen

God onsdagskveld=)
 
I dag vil eg dele litt bilete frå den fantastisk fine dåpen me hadde i helga. Sidan me har større terrasse enn me har stove, fall det seg naturlig å ha det ute på terrassen. Og når ein bur på vestlandet er det alltid eit sjangsespel. Men du og du for eit hærlig vèr me fekk.
-Sol og varme-
 



Bordkort og servietter
 
 
Alle "rekvisitter" klare til å kome på bordet. Sølvtøyet er tatt i bruk for fyrste gong. Syns det var kjempekoselig å bruke det. Gode minner frå middager hos mine kjære besteforeldre på østlandet. Arva det frå mormor for nokre år sidan, men har ikkje komt på å bruke dei. Synd når noko så fint bare ligger i ei skuff og samler støv.
 
 
 
Blondegardiner som blafrer i vinden<3
 
 
Partyteltet fekk me låne av nokre gode vener. Det er stort, 4*6 meter trur eg. Så her var det god plass til alle våre fine gjester.
 
 
Som bordkort laga eg nokre søte barnevogner. Var vel det som var mest jobb med utanom dåpskaka, men den skal eg vise i neste innlegg.
 
 
 
Det norske flagget som vaier i vinden, majestetisk og flott. Drøymer om flaggstang når eg får meg hus.
 
 
 
Pynten vart heilt enkel, med hortensia som eg lurte inn litt brudeslør i, enkelt og skjønt. Sommerfuglservietter med slike gamle sjarmerande klesklyper som eg kjøpte på ein lokal natur-interiørbutikk.
 
 
 
 
 
Ynskjer alle som er innom ein fin onsdagskveld=)

3 kommentarer:

ALL VERDAS sa...

Veldig fine bilete, men den fine skrifta er dessverre ikkje så lett å lesa. profilen din greier eg ikkje å lesa, mest ikkje :-)

Kristina, nord i bygdo sa...

Å så fint du laga det til! Alt var jo berre så skjønt! Så godt at dåke fekk fint vèr. Skikkeleg idyllisk med partytelt og så fine blomar og fin pynt og sommarvarme i tillegg. Sommarfuglservietten var veldig kreative og dekorative, same med bordkorta. Desse tipsa skal eg hugse til ein anna gong. Håper du har gode dagar og får slappe av litt etter festlighetane. Klem klem

Anonym sa...

Så utrulig herlig å kunne feire det ute og så koselig i parti telt,herlig pynta og kan tenke meg det var ein fine dag❤
Nydeligeste blomstrene og hortensia er jo så vakkert;)

Ønsker deg ein fine kveld,håper du har nytt den fine dagen idag,herlig med sol og varme❤

Klem fra Lillian