lørdag 25. mai 2013

Sommarkjensle

Nok ein hærlig dag her på vestlandet.
Litt kald vind var det i dag, men med ein ekstra jakke på går det bra så lenge sola skin for oss. Hærlig å kunne ha terrassedøra open heile dagen og la blondegardinene blafre i vinden.
 
 
Ja, du ser rett. Eg har fått meg stol i dag! Forskotsgåve til 1-års bryllaupsdag frå min kjære. Det er nok ikkje ein ekte Eames, men ein god kopi frå Trend design. I mine auge(og lommebok) er den meir enn god nok. Eg tar meg sjølv i å smile kvar gong eg ser den. Storesøster vart minst like glad som meg, så etter badetid i dag sat me i stolen ilag eg og ungane. Gynga, åt kinderegg og koste oss med barne-tv.
 
 
No er putene rydda inn, sidan me desverre bare har sol til 7-8 tida på kvelden. Kjenner eg sakner den kveldssola, her er det liksom kveld då når sola går ner. Men om ein har kveldssol derimot varer dagen så mykje lenger. Det får stå høgt på lista til framtidig huskjøp. Men med beina høgt, heimalaga pizza og filmkos kjenner eg det er litt godt å ta tidlig kveld og. Ein vert sliten av lange dagar ute i sola.
 
 
Her ser dykk eit lite glimt frå den nye stova vår. Skal vise før -og etter bilete litt seinare.
 
 
Eg tenker kvart år at eg skal så grønnsaker og lage urtehage, men det vert som regel med tanken. I år har me tatt steget vidare og faktisk gjort klar plantekassen, så no gjenstår bare sjølve plantinga. Tenkte dette kunne vera eit kjekt prosjekt for storesøster og mammo. Eit prosjekt som bare er vårt. Syns det er viktig å vera litt berre oss to no når litlebror er kommen til verda. Godt med litt aleinetid med mamma.
Litt usikker på om eg skal male den eller ha den slik den er. Kva ville du gjort?
 
Ynskjer alle ei strålande helg vidare.
 
 

1 kommentar:

Anonym sa...

God morgen:)
Så herlig me har hatt det med sol og alt,einaste dumme med den kalde vinden og så må ein sitte i ein varm krok for å ikkje få den på seg:)
Gratulerer med ny stol,eg og har slik og den er ikkje ekte for det hadde eg ikkje hatt råd til men den er lika fine så kva gjere vel det?hihi
Til neste år skal eg ha grønnsakshage,så spennende å dyrke fram ting og så fin den kassen din var,eg ville ikkje malt den men det er min meining:)

Ønsker deg ein fin søndag!
Klem fra Lillian