fredag 28. juni 2013

Litt nytt

Det er alltid kjekt med nye kler, men i dette tilfellet var ein oppgradering av barnas garderobe høgst naudsynt. Når mannen byrjar å etterlyse kler til ungane, ja då er det på tide med litt innkjøp.
 
 Litlebror er så heldig og har fått arva ein del kler, men byrjer no å vokse utav mange av desse. Storesøster har aldri hatt nokon å arva frå, så til ho må me kjøpa alt nytt. Det blir fort dyrt, så då er sommarsalget heilt ideelt. Halv pris og meir til. Lett å ta litt av her, men prøvde å tenke kva dei har mest bruk for.
 
Herlige sommarkjoler frå Cubus og MeMini,
og cardigan frå ChristinaRohde i eit deilig mjukt stoff.
 

 
Deilig nattpysj frå Lilleba i herligaste, mjukaste bambusstoffet. Same eigenskapane som ull. Har og bestilt meg litt metervare i bambus, så gleder meg til å prøva å sy noko i det utrulig mjuke og deilige stoffet.
 
 
MeMini - eit av mine favorittmerker til dei søte små.
 



I kveld er mannen på festival her på øya, så eg nyter kveldstimane aleina.
I morgon skal me på seiltur med Statsraad Lehmkul og så på konsert etterpå. Kjenner det skal bli godt å koma seg ut litt.

Ynskjer deg som er innom ei nydelig helg. 
 


1 kommentar:

Anonym sa...

Alltid knallkjekkt med salg på klær,det liker eg knallgodt:)kjempefine ting du har kjøpt og,supert med nye klær og det trenger ein jo alltid❤
Du var så heldige å vinne søteste Furby'en,den er utrulig søte:)
Enten kan eg sette den inn på butikken så kan du hente den der eller om eg skal komme bort med den eller du hente den hos meg,du bestemmer:)

Fine lørdagskveld til deg:)
Klem fra Lillian