fredag 21. juni 2013

Dåpskake

God morgon.
 
Her er resultatet av dåpskaka eg laga til helga. Sukkerbotn fylt med bringebærsyltetøy, vaniljekrem, fløytekrem og friske bringebær. Trekt med marsipan og pynta med marsipan og sukkerpasta. Eg føler eg ikkje har heilt teken på roselaging, så derfor vart det ei kaka utan blomar. Så får eg heller lære meg å lage fine roser til neste gong.
Inspirasjon har eg henta frå fine Tonerose sin blogg som du finn her. Ta gjerne ein tur innom, ho lager så utrulig mykje fint.
 
 
 
Litt salt på kakebordet vart ein slager, særs hos dei søte små. Godt å ha eit alternativ til alt det søte.
 
 
Ynskjer alle ei fin start på helga. Kanskje er det sommarferie for nokre? Me har ei veke igjen, så tar me vår etterlengta feeeerie.
-bestefølelseniverden-
 
Fredagsklem frå meg =)
 
 

3 kommentarer:

Kristina, nord i bygdo sa...

Å for ei flott kake! Du er skikkelig dyktig altså :) Kjempefin var den.

Lunch, ja det hadde vore koseleg. Kunne torsdag eller fredag passa for deg? Me kan meldast (eg har fått telefonen min tilbake)

God helg til deg og din skjønne familie ♥ Klem

Anonym sa...

Wow wow for ei nydelig kake,du er knallflinke:))
Så herlige detaljer,er nesten synd å sprette ei slik flott kake,hihi:)
Ønsker deg ein flott dag!
Klem fra Lillian

Himmelberget sa...

Wow, for ei flott kake !
Hadde eg aldri fått til...
Tusen takk for koselig kommentar på bloggen min.
Eg syns sjølv eg er tøff som kastar meg ut i ingenting, men tida var inne og eg har planar om å landa på begge beina :)
Fin sommaar til deg !
Klem / Janne