onsdag 26. juni 2013

Sommarsett til ei lita prinsesse

 
 God onsdagskveld =)
 
I går var me i 3-års dag til ei hærlig lita prinsesse. I den anledning ville eg sy noko skikkelig sommarslig, i håp om at sommaren vil melda sin ankomst her på vestlandet. Og det var eit godt spark bak til å byrje å sy litt igjen. Maskina har fått stå og støva ned lenge nok no syns eg. Kjenner syinspirasjonen kjem over meg igjen, hærlig! Einaste er at når eg først får det over meg så sku eg helst ha sydd alt på ein gong. Men ein plass må eg byrje og det vart med dette søte sommarsettet til ein endo søtare 3-åring.
 
 
Knytebukse med vaffelsaum og strikk nederst i beina. Den er i knelengde og sydd i hærlig bomullstoff frå Stoff og Stil. Tanken var å sy eit skaut i matchande stoff, men så kom eg over ei enkel oppskrift på dette søte hårbandet. Det skal eg iallfall sy fleir av, syns det var heilt hærlig. Veldig kjekt til bruk av restestoff.
 
 
 
Vaffelsaum
 
 
Elles nyter eg dagane med desse små yndige tottelottane<3
 
 

1 kommentar:

Anonym sa...

Så utrulig flink du er,den blei kjempefine:)skulle ønskt eg og kunne sy for det er utrulig så masse flott ein kan trylle fram av stoff ein har,så kjekkt å gi bort slik som ein har sydd sjølv og❤
Kjempekjekkt du stakk innom butikken igår,koselig å helsa på deg og så skjønne unger du har,det nederste bildet var så søtt:)

Ønsker deg ein fine torsdag:)
Klem fra Lillian