mandag 18. februar 2013

Ei husmor`s oppgåver..

..er så mangt!
 
Me var invitert i 5-års dag i går, men sidan mannen hadde vakt kunne me ikkje forlata øya og hadde dermed slått frå oss dette selskapet. Med min noko avslappa holdning til det meste trengte eg jo då sjølvsagt ikkje tenke på presang med det fyrste. Heilt til svigers ringer og tilbyr seg så varmt å hente veslejenta vår så ho får delta i selskapet. Snille som dei er kjem dei og hentar ho på døra, -om 45 min!!
Hjelp, me har ingen gåve! Som husmor skal ein jo vera berett på alt slikt, ikkje sant? Eg rotar febrilsk gjennom hobbyrommet mitt, men hårklemmer, kjoler og rosa bukser passa liksom ikkje heilt til ein gut på fem år. Så då, på ca 30min mekka eg saman denne reinsdyrbuksa i fleece. Med klampen i bånn på maskina vart den ferdig akkurat i tide til å bli sendt med budet ut døra.
 
Tilbake sitter ei fornøgd, utslitt husmor som har krøpet på golvet, spurta att og fram og sydd maskina nesten varm i veke 38 av svangerskapet. Vel, kva gjer ein ikkje for å vera den perfekte husmor? For ei husmor`s plikter er jo å alltid ha kontroll på alt til ei kvar tid. Rekner med alle husmødre der ute alltid har full kontroll, middag frå grunnen av kvar dag, bursdager som er planlagt fleir månader i forvegen, støvfritt hus og alltid er blid og fornøgd.
I`m I right??
 
Eller var det sånn det var..? ;-)
 
 (Bilete er tatt i hui og hast med mobil før buksa vart krølla inn i litt pakkepapir. Ser forresten også at den ligger bakfram, for ei skam for ei perfekt husmor)

Til slutt eit bilete av nokre fantastisk gode cupcakes eg og mannen lagde saman på morsdagen -ja du leste rett! Her i huset har me både godt husmoremne og husfaremne;-)
 
Det er vaniljecupcakes frå boka til "Manuela Love" og frostingoppskrift eg fekk ein gang på barselgruppa. Inneholder bl.a. kvit sjokolade og philadelfiaost. Mmmm..=)
 
-Nyt-
 


Ynskjer alle som er innom ei riktig god, ny veke!

2 kommentarer:

Anonym sa...

Å hjelpe meg så effektive du er,hadde eg aldri klart,den blei jo kjempefine:)og så dei muffinsene då,såg herlige ut!
Eg prøver å ha full kontroll men det går ikkje,eg gløyme og alt og lure av og til på om det er fleire enn meg,hihi noko kan være flaut å gløyma og:)

Du har jammen ikkje lenge igjen,så spennandes:)

Ein fin dag til deg!
Klem fra Lillian

KriStyle sa...

WOW er det mulig og få til på så kort tid? Super fin bukse :))

Klem Kristin