tirsdag 5. februar 2013

Her er sofakroken vår

I dag var det så fine solstråler ute, så tenkte eg kunne vera rask å fange dei opp med linsa. Men då eg kom så langt var sola gått forbi vindauga mine. Sånn går det når ting tar tid! Vart litt rart lys no syns eg, ser nesten ikkje vindauga, men det kan vel bare skyldast mine noko amatørmessige fotoeigenskaper. 
 
-Sofakrok-
 
 
Eg føler det er så utrulig mykje eg har lyst å gjera i huset! Me kjøpte alle "store" møbler då me flytta inn for ca fem år sidan. Og då likte eg såå godt denne mørke brune fargen. Heiter den "wengefarge" mon tru? Gulvet var iallfall favoritten! Men no vil eg helst bytte ut ALT! Hehe.
 
 
Lommeboka seier seg ikkje heilt einig i denne smaksforandringen min, så før me får inn forandringar smått og sakte prøver eg å lysne opp med litt tekstiler og andre ting som gir meg ei god kjensle.
 
 
Det fyrste prosjektet som står på planen er å legge nytt gulv. Ååå som eg gleder meg!! Har lyst på einstavs hvitlakkert eik eller noko i den dur..
Gulvet me har no er heiltre furu. Veldig fint og varmt gulv, men utrulig mjukt. Så etter nokre år med innehund ser det rett og slett ikkje ut. Mister me f.eks. ein tlf i gulvet vert det hakk. Når sola skin inn til oss ser me jo sjølvsagt alle desse hakka og stripene, nesten som eg skjemmes litt. Nei kjenner eg er veldig klar for å skifte det ut no.
Me har snakka ein del om det, så trur nok det skjer ila våren.
-Draumehåper-
 
 
Sjølv om draumen er ein lysegrå sofa må eg få sei at mørk sofa er veldig praktisk når ein har små barn! Og denne e utrulig komfortabel. Så trass i den mørke fargen koser me oss med denne sofan. Og den vert nok ikkje bytta ut før me flytter i hus ein gong tenker eg..
 
 
Holder på å strikke hentesett til litlebror som kjem om ca fire veker! Vert eg ferdig i tide!?! Eg er ikkje akkurat den kjappaste på pinnane, og med mange andre prosjekt i gjærdet vert det ikkje allverdas tid til denne strikkinga. Men får sette inn høggiret og prøva å verta ferdig! Strikker i deilig, lyseblått alpakkagarn.
 
 
Ynskjer alle som er innom ein fin tirsdag!!
=)=)
 

1 kommentar:

Anonym sa...

Så koselig sofakroken og kjenner til det med å ha lyst te å skifta ut men her e eg heilt i dvale trur eg,har ikkje fått inn noken fargeklatter:)skulle gjerne hatt masse penger her og til å fornya men får prøve å finne billige ting og drømmen er å få Kremmerhuset og Søstrene Grene her til,hadde vært topp men trur det ikkje skjer!

Fine kveld til deg!
Klem fra Lillian