fredag 11. januar 2013

Sniktitt inn på jenterommet

Nokre bilete frå jenterommet i dag. Desse er tatt for ei stund sidan, så no er ny, større seng på plass og litt anna diverse. Tenkte eg kunne vise fleir bilete når det blir litt betre lys å ta bilete i. Med berre eit vindu er det begrensa kor mykje lys som slepper inn.
 
 
På veggen har eg malt eit fantasi-tre. Ho syns det er veldig stas, spesielt å plukke av bladene. Men det får berre vera, kan ikkje ha noko på eit barnerom som ikkje kan plukkast på og prøvast ut.
 
 
Ein liten uglefamilie måtte sys. Dei har fått plass på ei grein og passer på veslejenta om natta.
 
 
Ei hylle frå Ikea har fått ny look med tapet. Bestilte nokre fine tapetprøvar på ei svensk nettside for ei stund sidan. Det var gratis, betalte kun frakt. Og dei var såå fine!
 
 
Ynskjer alle som er innom ein finfin fredag og god start på helga! :-)

Ingen kommentarer: