torsdag 10. januar 2013

Engler daler ned

Når det er tid for julegåver (ikkje at det er tilfelle akkurat no) vil eg legge litt arbeid i det og laga noko sjølv. Syns det er så hyggelig å få noko som er heimalaga og som du ser giveren har brukt tid og kjærlighet på.
 
 
Denne jula vart det gitt vekk nokre Tildaenglar med ulike personligheitar.
 
 
Rosy-angel sprer glede og positive tanker til dei som treng ein oppmuntring i kvardagen.
House-angel er den som får plass i eit nytt hus og passer på å lage hygge og trivsel.
Guardian-angel er alltid med deg og beskytter deg.
 
 
 Desse englane var så heldig å få tre nye, gode eigarar, og så flaks at personligheten deiras passa perfekt til kvar mottakar:-)
 
 
Litt begrensa i Tilda-stoffsamlinga mi, så mitt ønske er å fornye litt og lage enda fleire engler med gode egenskaper.
 
I morgon skal me i barselbesøk til ei lita tulle og i den anledning tenkte eg å få sydd noko søtt lite. Er ei stund sidan eg har sydd no, så kjenner det skal bli godt å sleppe kreativiteten laus igjen. Hender det bobler over her, så må få litt utløp for det innimellom når eg har tid. Kanskje kommer det bilete i morgon.
 
Ha ein strålande torsdag!!

Ingen kommentarer: