mandag 14. januar 2013

Kveldsstemning med "happy lights"

God kveld!
Ser klokkesletta på innlegga mine er heilt på bærtur, men klokka er altså snart halv 9 på kvelden.
Har lenge hatt lyst på desse "Happylights" lenkene. Syns dei er så utrulig fine og gir skikkelig koselig lys. Spesielt etter alle adventsstjernene flytta ned i esker og opp på loftet var det godt å få inn noko u-julete lys.
 
(Bilete tatt utan blits for å få den rette stemninga)
 
Dei eg har sett på i butikken har ganske høg prislapp, derfor har dei stått på ynskjelista ei god stund. Men etter ein søkerunde på Etsy.com fann eg desse, og det bare til ein brøkdel av prisen! Bestilte dei heilt fra Thailand, og det tok overraskande nok bare rundt ei veka før eg hadde dei i posten.
-Glede-
 
 
Angrer nesten på at eg ikkje bestilte fleir i same slengen, men må liksom alltid "teste ut" først når eg bestiller fra utlandet. Ein veit jo aldri..
 
 
Kunne jo tenkt meg ei i nokre lekre farger til barnerommet og kanskje ei til soverommet, og så ei til gangen kanskje...
-Begrensninger-
Eg får nok bare nyte synet av og kose meg med denne enn så lenge.
 
 
I TV-kroken har den fått plassen sin. Veggen bak TVen har eg malt i fargen "fjell". Prøver å lyse opp det som kan lysast opp i dette huset. Sidan me har veldig mørkt furegolv og mørke møbler(utbytting er sterkt ønska)tar det mykje lys. Men då me flytta inn i 2008 var det slik eg likte å ha det. Hugser eg falt heilt for gulvet på visninga og no kan eg nesten ikkje holde det ut! Rart korleis smaken kan forandre seg totalt i løpet av kort tid. Men neste prosjekt i huset har me blitt einige om at skal bli gulv! Så litt sparing først, så kanskje draumen vert oppfylt.
 
Ha ein fortsatt fin mandagskveld!

2 kommentarer:

Guttemamma sa...

De der er så fine, så koselig du har gjort det! Og wow, for noen flotte Tildaer! Har sydd en jeg, den ser IKKE sånn ut....:-)
Klem♥

Anonym sa...

Tusen takk for så koselige kommentarer på bloggen min,setter kjempestor pris på det:)
Dei happylightsa er så fine og eg har et sett men gjett om eg kunne ønska meg fleire,eg er litt skeptisk til å bestille fra utlandet men det går vel fint som regel:)

Ein fine onsdag til deg!
Klem fra Lillian